Tilbod om SOMMAR-SFO i veke 32 og 33 Helse og oppvekstutvalet vedtok 3.juni at ein i sommar skal gi eit skulefritidstilbod ved Larsnes skule. Tilbodet blir gitt i veke 32 og 33 ved Larsnes oppvekstsenter og er ope frå kl 07.30 - 15.00. Tilbodet er ope for alle elevar i Sande som vil nytte seg av dette. 1. Det vert gjennomført ei prøveordning med sommar-SFO i veke 32 og 33 (3. – 14.aug.) 2. Ordninga vert lagt til Larsnes, med ei opphaldstid frå 07.30 – 15.00 3. Pris pr. time er kr 40,- som vert belasta foreldra pr. time påmeldt bruk. Søknad og søknadsfrist: 15.juni er søknadsfristen for å søkje på tilbodet. Borna må ha med eigen matpakke då matservering ikkje ligg inne i tilbodet. Tilbodet blir gitt til dei som skal gå i 1.-4.klasse til hausten. I søknaden skal du gi opp kor mange timar du treng. Denne påmeldinga er bindande. Her finn du søknadsskjemaet: På heimesida til Sande kommune – under skjemaliste – skule og barnehage. Du får svar fortløpande når vi får inn søknaden. MVH Oddhild Gjengedal – rektor LAO