Forfattarbesøk Ungdomsskulen var så heldig å ha forfattarbesøk av Mari Moen Holsve den 12. september. Holsve skriv både fantasy og krim. Elevane i 8. klassa hadde førebudd seg godt til besøket ved å lese utdrag frå eit par av bøkene hennar og arbeide med ulike typar fantasiforteljingar. Holsve svara på spørsmål frå elevane både under og etter føredraget. I etterkant kunne elevane skrive kvar sin tekst: Intervju med Mari Moen Holsve.