12. mai tek elevane i 5.- 7. klasse til på skulen igjen Til foreldre/føresette for elevane i grunnskulen i Sande kommune Føringa frå regjeringa er at alle skular skal opne igjen i løpet av komande veke (veke 20). Elevane har gjennom denne perioden vi har vore i, vore svært tilpassingsdyktige og gjort ein god innsats sett ut frå den store endringa som vart med fjernundervisning i heimen. Vi takkar både elevar og føresette for denne felles dugnaden. Vi ser no fram til å kunne møte alle elevane, og kunne legge til rette for ein meir ordinær skulekvardag igjen. For å kunne fylgje dei statlege retningslinene for smittevern, må ein gjere både kommunale og lokale tilpassingar for å kunne leggje til rette for ein best og tryggast mogleg skule- og sfo-dag for både elevar og tilsette. Informasjon frå regjeringa er at for elevane frå 5. trinn og oppover, kan opplæringa på skulen kombinerast med heimeundervisning dersom dette er nødvendig ut frå smittevernreglane. Skuleeigar kan også redusere opningstida eller tal på barn/elevar som er til stades samtidig dersom det er nødvendig for å imøtekome krava til smittevernfagleg drift. Informasjon frå Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har fylgjande informasjon til alle foreldre og føresette: «Før skulane vart stengde i Noreg blei det ikkje registrert noko kjent smittespreiing blant born i barnehagar og barneskular. Samanlikna med vaksne er få born identifisert som smitta i Noreg og verda elles. Born og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for å få alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar, som til dømes influensa. Det er trygt for born å gå på skulen Skulane opnar no gradvis, og for å avgrense smitte har vi sett i gong fleire tiltak. I perioden framover er vi ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern. På skulen vil vi vere spesielt opptekne av å: vaske hender og lære elevane gode rutinar for handvaskha godt reinhaldvaske utstyr jamleg, til dømes nettbrettvere ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFOha undervising og samlingar i mindre grupperhalde god avstand til kvarandre Vi skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som arbeidar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra Ikkje møt på skulen eller SFO dersom barnet ditt har symptom på sjukdom, dette gjeld også milde symptom. Det er ekstra viktig at borna held seg heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Dersom nokon andre heime har luftvegssymptom, skal de ikkje følgje borna til skulen. Ved påvist koronasmitte hos husstanden, trer reglane om karantene i kraft. Dersom borna blir dårlege på skulen, tek vi kontakt med foreldra. Borna må hentast eller gå heim frå skulen så fort som mogleg. Foreldre skal helst ikkje vere med inn på skulen Vi prøver å ta imot borna ute og ønskjer at foreldre ikkje vert med inn på skulen eller i garderoben. Handvask er like viktig heime som på skulen. Vask hendene før de kjem på skulen, og med ein gong de kjem heim. Borna bør helst vere saman med få andre born på fritida og då gjerne leike ute. Skuleskyss Dersom elevane tek skulebuss må de hugse å halde god avstand, både medan de ventar på bussen og i bussen. Det same gjeld dersom elevane tek båt eller annan transport til skulen. Ein bør ikkje bruke skuleskyss og offentleg transport dersom det er mogleg». Informasjon frå Sande kommune Transport I fylgje rettleiaren skal skuleskyss og offentleg transport unngåast dersom det er mogleg. Melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune er at skuleskyssen har sprengt kapasitet. Pga smittevernreglane har den enkelte buss og passasjerbåt no 50% kapasitet. Det vil seie at dei har ikkje kapasitet til å skysse alle elevane som til vanleg har skuleskyss. For å få avklart behovet i Sande, bed vi om at de snarast gir beskjed til skulen om barnet ditt har/ikkje har behov for skyss i denne perioden. Dersom det er fleire personar som har behov for transport enn kva fylket klarer å stille med, så må vi evt redusere tal på timar i skulen eller at elevane må vere heime med fjernundervisning enkelte dagar. Elevar som reiser med buss må fylgje smittevernreglane. Seter som ikkje skal nyttast er markert. Det er viktig at elevane ikkje brukar desse seta, men held avstand til kvarandre. 1. til 4. klasse Desse klassene møter slik dei har gjort dei to siste vekene. 5. – 10. klasse Elevane i 5. - 10. klasse ved Kvamsøy skule startar opp måndag 11.mai. Elevane i 5. – 10. klasse ved Sandsøy, Larsnes og Gursken, startar opp igjen tysdag 12. mai. Den enkelte skule vil etter tilbakemelding om transportbehov, og vurdering ut frå smittevernomsyn, kome med nærmare informasjon om korleis dagane vert framover for desse klassene. Dersom det oppstår situasjonar der det ikkje lenger er forsvarleg å gjennomføre undervisning og SFO-tilbod som no vert planlagt, kan det vere at vi må gjere nødvendige endringar eller evt stenging. Bringing, henting og oppmøte Dersom foreldre/føresette fyl borna til skulen og SFO, så bed vi om at de fyl kun til inngangspartiet. Likeeins ved henting. For dei med SFO-plass, så avtal om når barnet kjem og vert henta. Skulen og SFO skal ha melding om fråvær av born så snart ein veit det. Elevar og tilsette skal ikkje møte på skulen/SFO i følgjande tilfelle: Når ein har luftvegssymptom, sjølv milde symptom. Ein må då vere heime til ein har vore symptomfri i 1 døgn. Dei med bekrefta covid-19 skal vere i isolasjon. Dei som er nærkontaktar/husstandsmedlem til ein person med stadfesta covid-19 skal vere i karantene. Lokal helseteneste avgjer kven som skal vere i karantene og kor lenge. Føresette som har luftvegssymptom eller er i karantene eller isolasjon, skal ikkje møte på skule/SFO, og må finne andre løysingar for bringing og henting av borna. Dersom sjukdom oppstår på skulen Elevar som vert sjuk eller får symptom på luftvegsinfeksjon, må heim så snart som mogleg og dei kan ikkje ta offentleg transport. Dette gjeld også tilsette. Elevane må då verte ivaretatt av andre tilsette eller evt sendast heim. Kle I denne perioden legg både skule og SFO opp til mykje uteaktivitiet, og vi bed om at elevane har med utekle og kle til skift tilpassa all slags vèr. Mat og drikke Elevane må ha med mat til både skule og SFO. Ordninga med skulemjølk vil gå som normalt. Elles må elevane ha med drikke i eigne drikkeflasker. Flaskene må reingjerast heime kvar dag. Utvida testing Tilsette i skule og SFO og elevar som til dagleg møter i skule og SFO er omfatta av dei utvida testkriteria for COVID-smitte som vart gjeldande frå 20.4.20: Ved mistanke om COVID-smitte («passande symptom») kan desse ta kontakt med lege og be om å bli testa. Vegring ved å sende barnet på skulen Norsk barnelegeforening meiner at dei aller fleste barn med kroniske sjukdomar kan og bør gå i barnehage og skule. Sjå nettsidene til Norsk barnelegeforening dersom du er usikker på om du kan sende barnet ditt, eller kontakt fastlegen til barnet. Dei barna ikkje kan vere på skulen, har rett til fjernundervisning. For dei som kan vere på skulen, men der ein vegrar seg for å sende barnet, fell denne retten vekk. Vi skal gjere alt vi kan for å sikre ein tryggast mogleg tilbod i skule og SFO! Informasjon frå Larsnes oppvekstsenter Elevane i 1.-4. klasse skal halde fram med å ha same organiseringa som vi har hatt dei siste 14 dagane. Det gjeld også for SFO. Elevane i 5.-7. klasse vil måndag 11. mai ikkje få noko heimeundervisning/ heimearbeid. Oppmøte tysdag 12. mai: Elevane i 5.-7. klasse møter opp til litt ulike tider denne første dagen: Kl. 08.20: 6.klasse Kl. 08.40: 5.klasse Kl. 09.00: 7.klasse Merk!: Elevane skal ikkje kome noko særleg før enn det oppgitte tidspunktet! Unntaket er dei elevane som kjem med skulebussen. Dei ventar ute i lag med sine klassekameratar. Elevane må ta med alle bøker og anna utstyr tilbake på skulen denne dagen. Frå onsdag 13. mai og utetter skal alle elevane i 5.-7. klasse møte kl. 08.10 alle dagar. Unntaket er dei elevane som kjem med skulebussen. Dei ventar ute i lag med sine klassekameratar. Organisering av skuledagen: Elevane i 5.-7. klasse skal halde fram med å gå i sin klasse – dvs at dei skal ikkje gå i lag med andre klasser i løpet av ei skuleveke. 5.klassse skal vere på klasserom 6 og kontaktlærar Ingvild skal ha alle timane i klassen. 6.klasse skal vere på klasserom 5 og kontaktlærar Edvard Inge skal ha alle timane ( med unntak av to timar på onsdag som Oddhild skal ha. 7. klasse skal vere på klasserom 7 og kontaktlærar Dina skal ha alle timane i klassen. På skulen vil elevane ha faste plassar på eit fast klasserom med god avstand i mellom pultane og i tida framover vil elevane også få vere ein del ute, også i gymtimane. Alle elevane i 5.-7. klasse har 5 timar undervisning 5 dagar i veka. Det vil då seie at elevane er ferdig kl. 13.10 på skulen kvar dag – og at dei får 25 timar undervisning i veka. Reduksjonen i timetalet ( ordinært har elevane i 5.-7.klasse 28/29 timar i veka) skuldast at vi ikkje har nok tilgjengeleg undervisningspersonale i høve til dei smitteverntiltaka vi er pålagde. Elevane skal ha vaska hendene før dei går heimanfrå. På skulen skal elevane vaske hender når dei kjem, før og etter friminutt, før og etter matpause og etter å ha vore på toalettet- og elles ved behov. Elevane må ha med klede til å vere ute i kvar dag – alle klassene kjem til å vere ute i periodar i løpet av ein skuledag. Uteområdet er delt inn klassevis. For å unngå at vi har for mange elevar ute samstundes, har vi valt å flytte litt på friminutta om matpausen til elevane i 5.-7. klasse. Det vil då seie at skuledagen tek til kl. 08.10 og det første friminuttet er kl. 09.30 – 09.45. Matpausen er frå kl. 10.30 -11.00. Frå kl. 11.00 – 13.10 har elevane undervisning – enten i klasseromet eller ute. Når dei kjem inn, må dei først vaske hender – før dei kan gå til plassane sine på klasserommet.Kontaktlærarane vil gå i lag med dei elevane som skal til skulebussen og skulekrysset Lekser/ heimearbeid: Den første skuleveka vil ikkje elevane få lekser / heimearbeid. Det vil gå med ein del tid til handvask og andre smittevernrutinar denne første veka. Frå neste veke vil elevane få litt lekser. Anna: Elevane må vere friske for å få vere på skulen – og elevar som blir sjuke / får symptom på sjukdom vil bli sende heim. Vi må fortsette den gode fellesdugnaden til beste for oss alle! Trond-Arne Aglen Øystein Johansen Oddhild Gjengedal Kommunedirektør Oppvekst- og kultursjef Einingsleiar